For dei nyaste oppdateringane av denne LESMEG-fila, gå tilhttp://www.openoffice.org/welcome/readme.html
Kjære brukar
Denne fila inneheld viktig informasjon om dette programmet. Les denne informasjonen nøye før du byrjar arbeida med programmet.
OpenOffice.org-miljøet, som har stått for utviklinga av dette produktet, vil gjerne invitera deg til å delta som medlem. Som ny brukar kan du ta ein titt på OpenOffice.org-sida
http://www.openoffice.org/about_us/introduction.html
I avsnitta nedanfor kan du lesa meir om korleis du kan verta med i OpenOffice.org-prosjektet.
OpenOffice.org er gratis å bruka for alle, både i det offentlege, i næringslivet, innan utdanning og for privatbrukarar. Du kan lesa meir om vilkåra i lisensteksten som ligg ved OpenOffice.org eller på http://www.openoffice.org/license.html
Systemkrav:
Dersom du opplever problem ved oppstart av OpenOffice.org (serleg når du bruker Gnome), kan du ta vekk miljøvariabelen SESSION_MANAGER i skalet du startar OpenOffice.org frå. Dette kan gjerast ved å leggja til linja «unset SESSION_MANAGER» til starten av «soffice»-skalskriptet, som ligg i mappa «[office folder]/program».
Vanskar med å starta OpenOffice.org (t.d. program som heng), så vel som problem med skjermvisinga kjem ofte av problem med skjermkortet. Dersom desse problema oppstår, prøv å oppdatera skjermkort-drivaren eller prøv å bruka den drivaren som vart levert med operativsystemet. Problem med å visa 3D-objekt kan ofte løysast ved å fjerna avkryssinga for «Bruk OpenGL» under «Verktøy – Innstillingar – OpenOffice.org - Vis – 3D-vising».
Legg merke til at klipping og liming via utklippstavla mellom OpenOffice.org 1.x og OpenOffice.org 3.0 av og til ikkje verkar i OpenOffice.org-format. Dersom det skjer, kan du velja «Rediger – Lim inn utval» og velja eit anna format enn OpenOffice.org. Du kan òg opna dokumentet direkte i OpenOffice.org 3.0.
Ver sikker på at du har nok tilgjengeleg minne i mellomlagringsmappa i operativsystemet ditt, og at du har lese-, skrive- og køyretilgjenge. Lukk alle andre program før du byrjar å installera.
Berre snøggtastar (tastekombinasjonar) som ikkje vert brukte i operativsystemet kan brukast i OpenOffice.org. Dersom ein tastekombinasjon i OpenOffice.org ikkje verkar som det står i hjelpetekstane, sjå om snøggtasten allreie er brukt av operativsystemet. For å løysa slike konfliktar, kan du endra tastetilordningane i operativsystemet ditt. Du kan òg endra nesten alle tastekombinasjonane i OpenOffice.org. For meir informasjon om dette emnet, sjå hjelpa i OpenOffice.org eller dokumentasjonen for operativsystemet ditt.
I standardinnstillingane er fillåsing slått på i OpenOffice.org. For å slå det av, må du setja miljøvariabelen «SAL_ENABLE_FILE_LOCKING=0» og eksportera «SAL_ENABLE_FILE_LOCKING». Desse oppføringane er allereie slått på i skriptfila «soffice».
Åtvaring: Om du skrur på fillåsings-funksjonen kan du få problem om Solaris 2.5.1 eller 2.7 er brukt saman med Linux NFS 2.0. Dersom systemmiljøet har desse parametrane, tilrår vi sterkt at du unngår å bruka fillåsing. Elles vil OpenOffice.org henga når du freistar å opna ei fil frå ei NFS-mappe frå ei Linux-datamaskin.
Ta deg tid til å fullføra den minimale produktregistreringa når du installerer programvara. Jamvel om registrering er velfritt, vil vi oppmoda deg om å registrera, sidan informasjonen gjer det mogleg for miljøet å laga ei enno betre programpakke og direkte ta hand om dei behova brukarane har. Gjennom personvernspolitikken, tek OpenOffice.org-miljøet alle førehandsreglar for å verna om dine personlege opplysningar. Dersom du gjekk glipp av registeringa når du installerte, kan du gå tilbake og registera kva tid som helst på
Det er òg ei brukarundersøking på nettet som vi vil oppmoda deg om å fylla ut. Brukarundersøkinga hjelper OpenOffice.org til å snøggare heva standarden for neste generasjon kontorstøtte-programpakker. Gjennom personvernspolitikken tek OpenOffice.org-miljøet alle førehandsreglar for å verna om dine personlege data.
Dersom du lurar på noko om OpenOffice.org 3.0, kan du sjå gjennom arkiva med spørsmål som allereie er stilte på e-postlista «users@openoffice.org» på www.openoffice.org/mail_list.html. Du kan òg senda inn spørsmål til users@openoffice.org. Hugs at du må abonnera på e-postlista dersom du vil motta svar på spørsmåla dine.
Les òg spørsmål og svar på http://user-faq.openoffice.org/.
På nettstaden til OpenOffice.org kan feil og problem meldast til IssueZilla. Alle brukarar vert oppmoda til å melda frå om feil og problem som oppstår. Feilmeldingar er ein av dei beste måtane å hjelpa til med utvikling og forbetring på.
OpenOffice.org-miljøet vil ha stor hjelp av di aktive deltaking i utviklinga dette viktige «open kjeldekode»-prosjektet.
Som brukar er du alt no ein verdifull del av utviklinga av programpakken. Vi oppmodar deg om å delta endå meir, som bidragsytar over lengre tid. Du finn meir informasjon om korleis du kan bli med på brukarsidene: http://no.openoffice.org/
Den beste måten å byrja deltaka aktivt, er å melda seg på ei eller fleire e-postlister, liggja lågt ein stund og gradvis bruka postarkiva for å verta kjent med emna som har vore diskuterte sidan OpenOffice.org-kjeldekoden vart frigjeven i oktober 2000. Når du er trygg, treng du berre skriva ein e-post der du presenterer deg sjølv, og hoppa rett i det. Dersom du er vane med «open kjeldekode»-prosjekt, sjå på gjeremålslista vår og sjå om det er noko du kunne tenkja deg å hjelpa til med på http://development.openoffice.org/todo.html.
Her er nokre e-postlister for prosjektet (engelskspråklege) som du kan abonnera på:http://www.openoffice.org/mail_list.html
Du kan gjera mykje for prosjektet jamvel om du ikkje har noka erfaring med programutvikling og programmering. Ja, du ja!
På http://projects.openoffice.org/index.html finn du prosjekt som arbeider med alt frå omsetjing, porting og gruppevare til verkeleg tunge programmeringsprosjekt. Dersom du ikkje kan programmera, kan du prøva dokumentasjons- eller marknadsføringsprosjekta. Marknadsføringsprosjektet til OpenOffice.org arbeider både med tradisjonell, kommersiell marknadsføring og geriljataktikk for å spreia open kjeldekode på tvers av både kulturelle og språklege grenser. Du kan hjelpa til ved ganske enkelt å spreia ryktet og fortelja om denne programpakken til folk du kjenner.
Du kan hjelpa ved å bli med i marknadskontakt og informasjonsnettverket her: http://marketing.openoffice.org/contacts.html Der kan du kommunisera direkte med presse, media, offentlege etatar, konsulentar, skular, Linux-brukargrupper og utviklarar i nærmiljøet og landet der du bur.
Vi håpar du har glede av å arbeida med OpenOffice.org 3.0 og at vi snart møter deg på nettet.
OpenOffice.org-miljøet
Delar Copyright 1998, 1999 James Clark, delar copyright 1996, 1998 Netscape Communications Corporation.